Du vil i løpet av året bli god på grunnleggjande friluftsliv som; stormkjøkken, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulik natur og i ulike årstider. Rundt skulen har vi både vatn, skog, fjell og kyst og som gjev oss mange fine opplevingar i nærområdet. I tillegg får du sjanse til meir utfordrande og spektakulære aktivitetar innimellom. Me vil legge opp aktivitetane til det du og klassen har lyst til! * Kajakk og våtkort * Overnattingsturer ved sjø, i skog og fjell * Hytte-vandring * Øyhopping med båt og kajakk * Frivillig å prøve ut rafting, surfing og Via Ferrata/klatring * Nokre skiturer når anledningen byr seg * Fiske og fangst

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar me finn på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane uansett kva aktivitetar me endar opp med underveis i året. Kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og vere til stede, kjem me til å jobbe mykje med. Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja. Me har ein del kortare turar i regionen, men me kjem også til å reise på fleire spennande turar med linja og heile skulen. Som me planlegg saman med deg og klassen.
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
|---|---|---|---|---|---|

![]() |
Linjeturer

ISLAND
Geysirar, isbrear, vulkanar, Reykjavik, Gullfoss, rafting, ri på Islandshest, varme bad og mykje meir Ei reise til Island er noko for seg sjølv. På Island finn me eit variert, dramatisk og uberørt natur med isbrear, varme kjelder og mektige fossar, som gjer reisa til ei unik oppleving med minner for livet. Den eksotiske naturen byr på mange moglegheiter for avkopling og spennande aktivitetar. Den islandske naturen er variert og eksotisk, og i naturen ser du spora etter korleis naturelementa har forma Island gjennom vulkanutbrudd, jordskjelv og erosjon. Over elleve prosent av landet er dekka av storslåtte isbreer. Den største er Vatnajökull (8400 kvadratkilometer og 1000 meter tjukk). På turen rundt øya i minibuss får du både oppleva kjende turistmål, men enda meir spennande er det å oppdaga mindre kjente, men like spektakulære stader. Mange nydelege fotospots i det storslåtte islandske landskapet! Bading i forskjellige varme kjelder kvar dag, unike naturopplevingar og gode historiar.

SURFING, RAFTING, VIA FERRATA
Gjennom skuleåret finner me på mange spennande aktivitetar til fjells, i vatnet og på sjøen.

FJELL OVER FJORD
Stord, Sunnhordland, Hardangerfjella, Etnefjella, Kvinnheradsalpane og mykje meir fordelt utover heile skuleåret Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente, men like nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
|---|---|---|---|---|---|
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() |

EKSTRA GLAD I Å REISE?
I tillegg til utenlandsturen som følger med linje din, får du muligheten til å
bli med én av de andre linjene på utenlandsturen deres!
Så kikk på hva vi har å by på, og når tiden kommer - BLI MED!

Hvem passer linjen for?
Utstyr du må ha med selv
Utstyr på skolen
Pakkeliste for året

Andreas Kjempenes
Lærer
Friluftsmannen Andreas er tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann og artigmann. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom naturopplevingar på fjell, fjord og skog, i entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.
Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534